Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Migrasjon

Held truleg fram med omstridt samarbeid

Amnesty International meiner migrantavtalen mellom EU og Libya er eit skammeleg kapittel som må avsluttast. Men alt tyder på at samarbeidet vil halde fram.

Nyheitsbyrået AP skriv at dei i januar fekk innblikk i ein konfidensiell militærrapport frå EU der det går fram at ein ønskjer å halde fram det kontroversielle programmet. Programmet går ut på å trene opp, styrkje og utstyre Libyas kystvakt, slik at dei kan overvake kysten, arrestere migrantar og sende dei tilbake til Libya.

Denne veka gjekk Amnesty International ut med eit nytt krav om at EUs avtale med libyske styresmakter må avsluttast.

– Gjennom desse fem åra avtalen har eksistert, har meir enn 82.000 menneske vorte returnerte til Libya der mange har opplevd forferdelege og umenneskelege interneringsforhold, skriv Amnesty, som meiner avtalen er ein «outsourcing av EUs grensepolitioppgåver til Libya».

Amnesty understrekar at det er ulovleg å returnere nokon til ein stad der dei risikerer alvorlege overgrep. ©NPK