I nikk til Munch demonstrerer Mor Efrony sans for komposisjon og underspelt humor.
BOA, Oslo
Står til 13. februar
Fargane gneistrar og klimaks vert nådd: Dei små og store maleria (med innslag av teikning og materialblanding) Mor Efrony viser på BOA nektar seg lite. Ut frå fleire av lerreta kikkar unge, helst kvinnelege og helst nakne kroppar, rissa opp med ein skarp, naivistisk strek. Andre er meir reindyrka abstrakte komposisjonar, men ein raud tråd er likevel nikka til Edvard Munchs og hans motivkrins – om enn med monaleg meir bruk av neon enn Munch var kjend for.