Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Amour: Michel Houellebecq skildrar kjærleikens vilkår i teknokratiets tidsalder.

POLYTEKNISK FOREINING

TIL TRØYST: Michel Houellebecq følgjer ein mann inn i kjærleiken og døden i sin nye roman. FOTO: ANDREU DALMAU, EPA/NTB ANDREU DALMAU

I området der eg bur, nordaust i Gamle Oslo, er det trivelege smågater på alle kantar, sjarmerande trehus og bilfrie torg – kaffi, benkar og bakst. Det er gangavstand til byens grønaste lunger, men når eg går ut døra, kjenner eg like ofte ei dragning austover, mot «bilbyen» Ensjø, og nordover, mot Hasle, Løren, Økern. Blant mange er dette rekna som urbane katastrofeområde, men det er noko med den kaotiske utbygginga her, i tråd med kryssande omsyn til økonomisk vinning, teknologisk nyvinning og demografisk utvikling, som fascinerer meg. Eit av bilutsala på Ensjø er nyleg omskapt til Norges største sykkelbutikk. Vinmonopolets gamle sentralanlegg på Hasle er døypt om til Vinslottet og gjort til kjøpesenter og gastropub. Standard Telefon- og Kabelfabrikk er nedlagt for lengst, men lever vidare som Nexans, leverandør av moderne kraft- og kommunikasjonsteknologi.