Av og tilmå ein berre svelgja oppkastet. Ingen hadde lyst til å ha Taliban på besøk. Men som medlem av ein militær allianse og på grunn av vettlaust hovmot hadde me stelt oss slik at det ikkje var anna råd enn å opna dørene. Og inn steig dei, glisande frå øyre til øyre, som sigerherrar i ein krig dei knapt sjølve hadde trudd dei kunne vinna.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.