Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verdas dyraste helsevesen var det som takla pandemien dårlegast.

Eit sjukt system

Covid-19 har avdekka svikt i helsevesenet i dei fleste europeiske land: underbemanna intensivavdelingar og mangel på respiratorar og smittevernutstyr. Helsevesenet i Europa er gjennomgåande sterkt underfinansiert. Men trass i store pengar i systemet, har helsevesenet i USA langt verre manglar enn Europa. Med fire prosent av verdas befolkning har USA no 68 millionar påviste covid-tilfelle som utgjer over 20 prosent av dei globalt påviste tilfella. 874.000 menneske, som svarer til 1,3 prosent av dei påviste tilfella, har døydd av covid. I land som Danmark, Frankrike, Nederland, Storbritannia, Cuba, Sør-Korea, Japan og Norge (0,26 prosent), er derimot den covid-relaterte mortaliteten mindre enn ein prosent av dei påviste tilfella.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Maria Walberg, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Ole Kvadsheim skriv onsdagar i Klassekampen.