Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dette er historia om den andalusiske nonna som vart ein djerv soldat.

Alonso Díaz

SOLDATEN: Trass i dei sosiale og juridiske sanksjonane mot personar som veik av frå genussystemet, fekk Alonso dispensasjon frå lovforbodet mot å bruke kleda til det andre kjønnet, skriv Stephen Walton.

Her i avisa for ei dryg veke sidan hadde Karoline Henanger ei god melding av ei nyomsetjing av Radclyffe Halls stadig aktuelle roman «Ensomhetens brønn» frå 1928. Boka innleidde elegant ein miserabilistisk tradisjon i den skeive romantradisjonen der hovudfokuset ligg på kor vondt og vanskeleg livet er. Guro Sibeko vart sitert på at både hovudpersonen i romanen og omgangskrinsen hennar ligg i spenningsfeltet mellom lesbiske og trans. De «ordentlege lesbiske» i boka er nesten menn, genusinversjon var det fremste symptomet på den homoseksuelle tilstanden under moderniteten. For Sibeko var boka også med på å fylle eit langt tomrom i det homohistoriske medvitet hennar da ho las han i ungdomen, eit tomrom som strekte seg frå Sapfo til Kim Friele.

Feministane Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland og Stephen Walton skriv i Klassekampen måndagar.