Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mørk: William Faulkners modernistiske klassikar har fått ei kledeleg nynorsk språkdrakt.

På tur med døden

A DOG’S WORLD: William Faulkner fotografert heime i Oxford, Mississippi.

William Faulkners roman «As I Lay Dying» (1930) er eit av desse rike og krevjande modernistiske meisterverka som ein må setje av både tid og konsentrasjonskraft til, om ein skal kome seg inn i og gjennom dei. Her slepper femten ulike forteljarar til med tidvis balstyrige medvitsstraumar, i kortare og lengre strekk. Legg til at éin forteljar er eit fantasirikt barn som kjem nær døden for første gong og at ein annan er daud som ei sild, så forstår du kanskje at ikkje alt er like lett å forstå.