Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vitalt: Unge svensk-iranske forfattarar skriv om eksil gjennom generasjonar.

Heimland, barndom

I poeten Athena Farrokhzads moderne klassikar «Vitsvit» (2013) talar tre generasjonar om flukt- og eksilerfaringar. Der er den praktiske mormora, som i hjarte og sjel framleis bur i heimlandet. Der er ein far – ein ideolog og idealist – og ei mor, som er meir av ein realist. Der er også ein bror og dikteget, som begge er del av det nye landet – og det nye landet er del av dei. Med andre ord: Ein første generasjon som har levd brorparten av livet sitt i eitt land, og som så må flykte til eit nytt og framandt land. Ein andre generasjon som flykta i sin mest levande ungdom. Og så ein tredje generasjon utan eigne erfaringar med det som blir sagt å vere deira eigentlege heimland.