Så er ulvejakta i gang igjen, også i år, og med den også høglydte protestar mot jakta. Eit hovudargument frå ulvelobbyen er at Norge har plikt etter Bernkonvensjonen til å ta sin del av ansvaret for å verne den utryddingstrua norsk-svenske ulvestammen. Dette argumentet er nå blitt betydeleg svekka. Det finst nemleg ikkje nokon norsk-svensk ulvestamme å redde. Den norske ulven er finsk. Og den finske ulven er ein del av den finsk-russiske ulvestammen som tel rund 60.000 individ, og som på ingen måte er trua.
Dagens norske ulv er i realiteten ein invasiv art. Kva status har den da i høve til Bernkonvensjonen?