Mange gonger i livet har eg undra meg over intuisjonen til min venn og kollega Dag Solstad. Du treng ikkje forklare ting for han, han skjønar poenget med ein gong. Slik var det også den haustkvelden for 41 år sidan, da vi sat i Oslo og drakk raudvin på ei kneipe som for lengst er borte. Begge budde på hybel, og det seier alt, sidan han var 39 og eg 31 år.
Mor syntest eg var ein tullebukk som drog bort med Dag Solstad, men far bad meg helse paven. Så det gjorde eg.