Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Enno ei ølgjerd har me lova å gjera, husbond og husfru like mykje malt kvar, etter vekt, og signa det jolenatti til takk frå Krist og jomfru Maria, til godt år og fred. Um so ikkje vert gjort, skal det bøtast 3 merker til biskopen. Men um nokon sit soleis 3 vintrar at han ikkje gjer ølgjerdene eller greider dei bøtene som me har lagt på for kristendomen vår, og han vert sannskyldig i det, då har han forbrote kvar pening av godset sitt, det eig kongen vår halvt, men halvt biskopen.