Pelle Sunvisson har lenge jobba under falsk identitet som russisktalande bygningsarbeidar i Stockholm. Romanen «Svenska palmen», nyleg gitt ut på forlaget Verbal, rapporterer om hans dystre erfaringar. Han fortel om korleis migrantarbeidarar blir utnytta av menneskesmuglarar og arbeidsgivarar, om det psykiske stresset som følgjer med tilværet som papirlaus arbeidar, om korleis offentlege etatar opnar for svart arbeid, om dei økonomiske skilja som pregar Sverige og Europa, og om livsfarlege arbeidsvilkår på den svenske arbeidsmarknaden.
Forslumming: Ein dyster rapport frå bygningsarbeidarane.