Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forskar Julie Wilhelmsen trur Russland blir provosert av forsvarsavtalen med USA:

Fryktar det kan ende i krig

KRITISK: Julie Wilhelmsen i Norsk utenrikspolitisk institutt (Nupi) er kritisk til delar av norsk forsvarspolitikk og til den nye tilleggsavtalen mellom USA og Noreg.

SPENT: Norske styresmakter er med på å eskalere spenninga med Russland, seier utanriksforskar Julie Wilhelmsen. Ho lurer på kvifor det ikkje er meir debatt om det.

Den nye tilleggsavtalen mellom USA og Noreg forandrar svært lite, seier både den noverande og den førre regjeringa. Julie Wilhelmsen, forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (Nupi), meiner at Russland er av ei heilt anna oppfatning.

I den nye avtalen gir Noreg amerikanarane tilgang på fire militærbasar dei kan bruke i ein krigssituasjon. Det blir også opna for at amerikanske interesser kan få forrang framfor norsk lov.

Støre-regjeringa meiner, som Solberg-regjeringa meinte, at dette ikkje er eit brot med basepolitikken som seier at vi ikkje skal ha framande militærbasar på norsk jord.

Wilhelmsen trur den nye avtalen likevel provoserer russarane.

– Du kan seie at dette eigentleg ikkje er amerikanske militærbasar, men det blir for meg eit retorisk spel. I det store biletet så er det heilt klart at russarane oppfattar dette som del av ei oppskalering av militært nærvær i Noreg, noko russiske styresmakter ser på som ein trussel, seier ho.

– Ekstremt farleg

Wilhelmsen meiner at den norske debatten om forsvarspolitikk generelt ikkje har teke inn over seg at verda ser heilt annleis ut enn ho gjorde for få år sidan, og at spenninga mellom Russland og USA er på eit skyhøgt nivå.

– No er den gjensidige militære opptrappinga i Europa slik at det er i ferd med å bli ein ekstremt farleg situasjon, som i ytste konsekvens kan ende i ein krig, seier ho og legg til:

– Då må vi i Noreg diskutere meir om det er riktig at vi skal vere med på å eskalere situasjonen gjennom å ønskje velkomen stadig meir alliert tilstadevering nærare den russiske grensa. Noreg kunne ha vore ei røyst for deeskalering i Nato, men det verkar ikkje som vi er det.

«Hissig oppbygging»

Wilhelmsen jobbar mellom anna med å studere retorikk frå russiske styresmakter knytt til den militære situasjonen i nabolanda.

Ho meiner at mange i Nato-landa tek feil når dei analyserer Russland som ein ekspansiv aktør som er ein territoriell trussel mot Europa.

– Veldig mykje av Russland sin hissige militære oppbygging og posisjonering er forsøk på å avskrekke det dei ser som forsøk på å omringe Russland og potensielt gjennomføre ei regimeendring der, seier Wilhelmsen og fortset:

– Dette er eigentleg ganske likt Natos avskrekkingslogikk i forhold til Russland. Då får du ein opptrappingsspiral som er veldig, veldig uheldig.

Den nye tilleggsavtalen mellom USA og Noreg skal bli handsama i Stortinget i løpet av vårsesjonen 2022. Til no har berre SV og Raudt vore kritiske til avtalen. Dette er to parti som i utgangspunktet er motstandarar av norsk EU-medlemskap.

Wilhelmsen skulle gjerne ha sett at diskusjonen ikkje gjekk på om Noreg skal vere medlem av Nato, men korleis vi skal vere det.

– Eg oppfattar debatten som veldig overflatisk og alt for lite open, seier ho og legg til:

– Verdspolitikken er i ferd med å endre seg dramatisk. Vi har ein ny situasjon med ei stormaktsrivalisering som kan bringe verda ut i krig, slik eg bedømmer situasjonen. Likevel går diskusjonen på autopilot i Noreg. Eg skjønar kvifor. Det er fordi dette er eit veldig komplekst felt, og då blir det ofte slik at det enkle er å byggje vidare på den politikken som allereie er tatt. Vi må byrje å sjå norsk forsvarspolitikk i den samanhengen som faktisk no utspelar seg.

Seier at Noreg kan bidra

Wilhelmsen trur Noreg ville vore godt tent med at fleire diskuterte kva som bør vere vår rolle i den spente konflikten mellom USA og Russland.

– Vi har ikkje råd til å diskutere norsk forsvarspolitikk i den smale konteksten som vi no gjer, vi må skjøne det breie biletet. Vi er eit lite land, men vi har ei moglegheit til å bidra til å deeskalere. I staden for å berre halde fram med å seie ja takk til alt som kjem frå det Pentagon-baserte etablissementet i USA.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production