Du kan bla til neste sideBla med piltastene

ABC om Acer

KUNNSKAPSLØYSA: Øyvind Strømmen har greie på mykje, men ikkje på EUs energipolitikk, skriv forfattaren. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr/ Klassekampen

Øyvind Strømmen (MDG) nektar for at Acer har betydning for norske straumprisar (8. desember). Då NRK tirsdag spurde finansminister Vedum om kva regjeringa gjorde for å møta straumprissjokket, sa han at regjeringa var bunden av eit internasjonalt avtaleverk som den førre regjeringa hadde skrive under på, og nevnte spesielt styringa av utanlandskablane. Kva anna kan han ha sikta til enn EUs energipakke 3? Det uttrykte målet med energipakkene er eitt felles marked i heile EØS-området, der prisane ikkje skal variera meir enn to-tre øre per kWh frå land til land. Har det null betydning for prisane i dei enkelte landa?