Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utanomsnakk

ACER-GJENGEN: Kraftnasjonalisme er ei avsporing i debatten om straumprisar, skriv Øyvind Strømmen.FOTO: HANNE MARIE LENTH SOLBØ Hanne Marie Lenth Solbø

«Alle snakker om strømprisen. Hva gjør EUs energiunion og Acer med den?», spør Nei til EU-utgreiar og jurist Morten Harper i Orientering-spalta laurdag. Harper svarer ikkje på spørsmålet. Det er synd, for svaret hadde kanskje vore av interesse for avisa sine lesarar: Acer har nemleg gjeve klåre råd til politiske tiltak, som reduksjonar i eller målretta fritak frå skattar og avgifter, eller – utanfor energifeltet – målretta utbetalingar til dei som treng det mest. Europakommisjonen har på si side presentert ei verktøykasse av tiltak medlemslanda kan setja i verk for å dempa verknaden av dei høge prisane.