Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva var det me sa?

I Klassekampen 3. desember seier Øystein Stray Spetalen følgjande: «Den største faren for middelklassen og individet er EU. Det fratar Norges selvstyre. EU er ekstremt antidemokratisk og det må folk skjønne.» Spetalen knyter dette til straumprisane som er rekordhøge, og etterspør meir politisk, nasjonal styring. For desse utspela får han god spalteplass og seinare på dagen mykje tid på Dagsnytt 18. Som om dette var noko sensasjonelt nytt.