Jord er grunnlag for 95 prosent av maten me et, og 25 prosent av biomangfaldet. I tillegg lagrar jord meir karbon enn atmosfæren og alt planteliv til saman. Jord er difor sentralt i å sikre tilgangen til nok og trygg mat, stoppe tap av biologisk mangfald og løyse klimakrisa. Likevel finst det inga lovgiving som beskyttar jordsmonnet på lik linje som vatn, marint miljø og luft.
God jordhelse er sentralt for å sikre trygg mat, stoppe tap av biologisk mangfald og løyse klimakrisa.