Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa vurderer kontantutbetalingar til nordmenn som er råka av høg straumpris:

Opnar for behovsprøving

IKKJE TIL ALLE: Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken frå SV vil ikkje gje pengar til alle, men målrette tiltaka mot straumkrisa for å treffe dei som treng hjelpa mest. Hanne Marie Lenth Solbø

KRISE: Alt i desember håpar SV og regjeringa at dei kan leggje fram tiltak for folk med særskilt behov for hjelp med straumrekninga.

I går fekk Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV gjennom eit vedtak i Stortinget som er ein marsjordre til regjeringa der dei ber om at det blir lagt fram ulike forslag til tiltak som kan hjelpe på dei rekorddyre straumrekningane. Om alt går på skjener, kan regjeringa kome attende til Stortinget i desember med konkrete tiltak.