Journalistane virrar. Hurdal-plattforma eller Hurdalsplattformen? Begge variantar har stått i leiande aviser, også i same nummer. Namnet Hurdal kjem forresten frå norrønt Hurðardalr, der hurð kan vera namnet på elva, frå verbet hverfa, snu eller venda, slik me finn det i Kvarv (Vennesla) og Gvarv (Bø).
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.