I 1999 var det 70.000 gardbrukarar i Noreg. I 2020 var det att berre 38.600. Når 2021 er over, har eg òg vorte ein del av nedleggingsstatistikken. Sidan tusenårsskiftet har talet på bønder i landet vårt nesten vorte halvert. Kanskje er me der alt i haust. Me er mange som gir oss no. Mange fleire enn dei to som har gitt opp kvar einaste dag dei siste åra. Dette er historia om mitt liv som bonde. Dette er også historia om kvifor eg må gi opp draumen min.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene