Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Over 1700 utmelde på ei veke

BLIR FÆRRE: Ei veke har gått sidan Kyrkjemøtet vedtok støtte til tilråding om stans i oljeleiting. Sidan då har over 1700 personar meldt seg ut av Den norske kyrkja. Det får Vårt Land opplyst. Utmeldingane har skjedd mellom onsdag 17. november og tysdag 23. november. – Det er naturleg at vedtaket som vart fatta på Kyrkjemøtet, fører til nokre reaksjonar av denne typen, seier Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja. – Samtidig er det viktig for oss å vere tydelege på at kyrkja ikkje ser på dei som jobbar i petroleumssektoren i Noreg som eit problem. Dei gjer ein svært stor innsats for verdiskaping for det norske samfunnet, seier han. ©NPK