Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvifor er kjeldelista i bøker skrevet av menn framleis fylt opp av … menn?

Menn som les menn

KONGEREKKA: Når menn ikkje les kvinner, blir dei heller ikkje tatt seriøst, skriv Ingvill Kjærstein. ILLUSTRASJON: «DER LESER» (1872) AV FRANZ VON DEFREGGER

Då eg var litteraturstudent utvikla eg ei vane for å bla gjennom register bakarst i sakprosabøker og artiklar før eg las sjølve innhaldet. Registera i tekstane eg likte, gav meg sjansen til å grave vidare i det eg var interessert i, og det førte til ein slags kjedeeffekt. På denne måten plukka eg opp tallause interessante namn. Inni hovudet utvikla dette seg til eit eige personregister, mitt mentale personregister. Ein annan vane eg tilla meg: Å telje kor mange av ulike kjønn som var representert i desse listene. Register kan fortelje oss utruleg mykje om interessene til forfattaren.