Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tradisjon

«I morgon treng du ikkje laga middag, det tar mamma seg av», sa den unge mannen som hadde ringt på døra hos naboen, så gjekk han kjapt heim til rekkehuset der han budde i lag med familien sin. Dei hadde nettopp fått vita at naboen stod midt i ei stor sorg. Ei kvinne «midt i livet» hadde gått ut av tida etter ein tung sjukdomsperiode. Ho som døydde var mor, mormor, kone, søster og dotter. Sorga var stor og tung og uhandterleg. Eit tilbod om å få middagen servert var ei praktisk handsrekning, uventa omsorg som varma.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production