Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Går mot doktorgradsrekord

UNIVERSITET: I første halvår av 2021 vart det avlagt 898 doktorgrader ved norske lærestader. Held det fram i same tempo blir det rekord. Det blir i så fall fjerde år på rad at det blir avlagt rekordmange doktorgrader, skriv Khrono. 43 prosent av dei som avla doktorgrad i Noreg i første halvår var utanlandske statsborgarar. Særleg innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi var det mange utlendingar. Kjønnsbalansen er jamn totalt sett, men det er store forskjellar innanfor ulike fagområde. Berre 7 prosent av avhandlingane var skrivne på norsk. Flest doktorgrader vart avlagde på Universitetet i Oslo (254) og NTNU (235). ©NPK