God gransking av nye samfunnsmodellar.
Fotogalleriet i Oslo
Står til 19. desember
Publikum vert presentert for mange menneske i Maryam Jafri si soloutstilling på Fotogalleriet i Oslo, men det er ikkje så godt å seie kven dei er. I «The Winter of Our Discontent» arbeidar Jafri – som òg er professor i samtidskunst ved Kunsthøgskulen i Oslo – med spørsmål knytt til samtidas digitale og visuelle kultur, der tallause andlet og kroppar sirkulerer fritt, utan eit avklart forhold mellom biletet og dei som er avbileta. I video-, fotografi- og installasjonsverk tek ho utgangspunkt i menneske som spelar frivillige eller ufrivillige roller i dette samansuriet.