Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I dag plukkar eg frå tiåra mellom 1900 og 2000.

Orda rapporterer

KID: Kjært kje har mange namn. JUSTIN SULLIVAN

Bilen har vore med sidan 1902, då Politiken i Danmark arrangerte tevling om det beste ordet for det nye framkomstmiddelet; ein fann automobil for tungvint. Verken «ekspressvogn», «køremaskine» eller «hastetøj» nådde opp. Det enkle og dristige vann, å halda på dei tre siste bokstavane. Bil vart skandinavisk. Brysthaldar såg verdas lys i New York i 1913 og erstatta raskt snørelivet. Same året kom tøy med glidelås i produksjon, og i 1919 byrja ein smarting å selja eit standardisert arbeidsplagg som han kalla overall.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.