HELSE: Eit legemiddel omtalt som den dyraste medisinen i verda, skal takast i bruk i Noreg for å behandle pasientar med spinal muskelatrofi (SMA). Onasemnogene abeparvovec (Zolgensma) er ei form for genterapi, og pasienten får berre éin dose. Han er til gjengjeld svært dyr. No skal norske pasientar få tilbod om denne dosen gjennom det offentlege helsevesenet, bestemde Avgjerdsforum i går, fortel Dagens Medisin. Behandlinga skal gjennomførast ved Oslo universitetssjukehus. Avtalen er resultatbasert, slik at betalinga blir knytt til kva slags effekt ho har på pasienten. Dette er heilt nytt i Noreg. Detaljane i avtalen, inkludert prisen på legemiddelet, er ikkje kjende.©NPK