Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Advent

  • Til helga er det halloween, ei slags oppvarming til handelsstandens favoritthøgtid jul. Og med førjulstida kjem alle dei årlege War on Christmas-debattane som vi har importert frå Amerika. Ein oppkonstruert konflikt der kulturkrigarar på internett tek på seg rustninga og går til kamp for Den Einaste Rette Måten å Feire Jul på. Som om nordmenn ikkje alltid har feira på ulikt vis: Nokre med gris, andre med sau. Nokre med stjerne i toppen av treet, andre med spir. Nokre med salmar, andre med Hans Rotmos «Vårres jul».