Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Burlesk: Heile Bergen er ei scene i Erlend O. Nødtvedts Ibsen-portrett.

DOBBELTGJENGAREN

DRAMA: Erlend O. Nødtvedt skriv om Henrik Ibsens unge år. I bakgrunnen er Ibsen-statuen ved Den Nationale Scene i Bergen, laga av Nils Aas. FOTO: HEDVIG IDÅS Hedvig Idås

I heile mitt vaksne liv har eg jamleg reist til Bergen, denne forunderlege byen som ein ikkje oppheld seg i utan å få fuktmerker i sjela av. Eg har reist dit for å trekke frisk vestlandsluft, men også for å oppleve det litterære livet der, med universitetsmiljøet på Nygårdshøyden og tidsskrift som Vagant, og med Skrivekunstakademiet, som tiltrekkjer seg både framtidige og etablerte skrivekunstnarar.