Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Handsaminga av «IS-brudene» viser patriarkatet bak både terroristane og humanistane.

Dei nye tyskarjentene

Amerikanske Hoda Muthana og britiske Shamima Begum sit enno i Roj-leiren i kurdisk Syria. FOTO: BIFF

(Spania, 2021)

Regi: Alba Sotorra.

(Sverige/Danmark/Qatar, 2021)

Regi: Gorki Glaser-Müller.

(Noreg, 2021)

Regi: Morten Offerdal, Vegard Lund Bergheim.

Vist på: BIFF (20.–28. oktober).

Kva skal skje med tusenvis av vestlege kvinner og barn som vart etterlatne i Syria då IS-kalifatet kollapsa, og som enno lever i kurdisk-kontrollerte leirar mot kurdiske sjølvstyresmakter sitt ønske? Her til lands sprakk regjeringa då Høgre trassa Frp og henta ei norsk kvinne og hennar sjuke barn frå den illgjetne Al-Hol-leiren i 2020. Spørsmålet er like politisk betent verda rundt, ikkje minst sidan framandkrigarane også vart rekrutterte frå land som vart ein del av IS’ terrorslagmark. Det enklaste for vestlege styresmakter er å venta ut medieinteressa, og «gløyma» dei ikkje-stridande Syria-fararane der dei er. Heldigvis finst det dokumentaristar som ikkje vil la det skje. Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) viser no tre aktuelle filmar som på ulike vis tar opp repatriering av Syria-fararar.