EU-kommisjonen går inn for stans i olje- og gassaktiviteten i Arktis. Nå krever SV svar fra regjeringen.
Kunne me be om redusert bruk av rundt som universalpreposisjon?
Vanleg språk
Då eg tok til å tenkja på denne spalta ei veke sidan, stod det klart for meg at eg ville skriva om baksidetekstene i Klassekampen. Dei viser slik ei ordglede at eg byrjar lesinga der og blar framover. ‘Akkurat nå’ den 12. og 13. oktober var skrivne som dikt – og betre dikt les eg sjeldan, den 13. oktober signert I.A.M. .FG. Teksten ved sida (Farvel, Solberg) hadde denne beskjeden til laksebaronen på Frøya: «Bare flytt! […] Ta med deg sønnen og alle bilene hans. Og kom aldri tilbake! Men fjordene våre får du ikke ta med deg på flyttelasset. Olje og gass betaler grunnrente i bøtter og spann. […] Så hvorfor i all verden skal ikke laksebaronene gjøre det?» Krafta til spaltekunstnaren har nok risla i lesande kroppar.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.