Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Abort: Eit modig forsøk på nyansert samtale endar i kjøkkenbenkvisjon.

Utvida abortspørsmål

«Hva snakker vi om når vi snakker om abort» – tittelen kan høyrest ut som den er meint å mane fram gruvekkjande bilete frå abortinngrep, som i den famøse antiabortfilmen frå 1984, «Det tause skriket». Men Kjersti Sandvik og Grethe Fatima Syéd gjer mistanken til skamme ved gå inn i spørsmålet med oppriktig vilje til å belyse alle sider av eit tema som mange meiner sterkt om utan eigentleg å vite så mykje om det. Gradvis viser det seg likevel at spørsmålet er ladd – berre på meir uventa vis.