Bjørn Ousland
Snømonstrene – Pi og Peder 3
Teikneserie
Cappelen Damm 2021, 50 sider
Det byrjar i det stille, med Pi og lillebroren Peder som vaknar til ein strålande vinterdag. Pi vil ut og aka, men får beskjed om å ta Peder med seg. Og med han tar det, som mange storesøstrer og -brør vil kjenna att, tid. Tid å kle på seg, og tid å komma opp bakken med eit tungt akebrett.