Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Transtrøbbel i Netflix

Hæ? Er ikkje Dave Chappelles sexisme ironi?

Denne veka hamna Netflix i internettstormen, da det lak ut at dei hadde suspendert tre tilsette – blant dei ein transperson. Dei tre hadde tydd både til Twitter og eit internt møte for å kritisera avgjerda om å senda det siste showet til standupkomikaren Dave Chappelle. «The Closer», som Slates Nicole Lewis omtaler som «72 minutt dedisert til å irettesetta kritikarane av tidlegare show, der Chappelle har audmjuka transpersonar, homofile og seksualvaldsoffer», har møtt massiv kritikk frå rettigheitsorganisasjonar og grupper som den grovkorna komikaren støtt utfordrar (han har til dømes latterleggjort offera til den nyleg masse-valdtektsdømte R. Kelly).