Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Senterpartiet i Kristiansund vil nedprioritere Ullevål sjukehus:

Ber Sp droppe Oslo

KAMP: kristiansundarane har kjempa i ti år for å halde oppe sjukehustilbodet i byen. Her er frå ei markering i 2019 der 2000 menneske deltok. FOTO: JO SKÅRDERUD Jo Skårderud

KNIVING: Kristiansund Sp fryktar at regjeringsforhandlarane vil prioritere sjukehus i Oslo. No krev dei at Sp heller brukar dei politiske kreftene på fødetilbodet i vest.

– Vi blir veldig i stuss når vi ser at det er så mykje diskusjon om å flytte dette sjukehuset i Oslo nokre hundre meter, seier Steinar Høgsve.