Endå ein valkamp er i bakspegelen, og no er det ifølgje sigersherrane vanlege folk sin tur. Årets Arbeiderparti-slagord var ikkje så altfor ulikt Framstegspartiets velkjente mantra om at dei er partiet «for folk flest», sjølv om konteksten det er rimeleg å lese dei inn i, ser litt ulik ut: Der Ap spelar på den avtroppande Høgre-regjeringas prioritering av skattelette og næringslivsstimulans og posisjonerer partiets eigen politikk som ein motsats til dette, er Frp-mottoet eit signal om ein ikkje-snobbete tilnærming til maktens tinder. At ingen av partia opererer med ein oppslutning som tilseier at dei er fyrstevalet til (vanlege) folk flest, er sjølvsagt ikkje poenget. Poenget er å kome seg så nære grasrota at det luktar mold.
Ein populær vorspiellåt gjev eit skrekkbilete av den ideelle lønsarbeidaren.
Må jobbe, heile tida
Ideer
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/3de91f3eba53741a5191a3ed497cb39994c832ea-2400x1308.jpg?w=1600&q=80&auto=format)