Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein populær vorspiellåt gjev eit skrekkbilete av den ideelle lønsarbeidaren.

Må jobbe, heile tida

Tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen stilte opp både i Hagles musikkvideo og i ein tilhøyrande «1. mai-tale». SKJERMDUMP: HAGLE/YOUTUBE

Endå ein valkamp er i bakspegelen, og no er det ifølgje sigersherrane vanlege folk sin tur. Årets Arbeiderparti-slagord var ikkje så altfor ulikt Framstegspartiets velkjente mantra om at dei er partiet «for folk flest», sjølv om konteksten det er rimeleg å lese dei inn i, ser litt ulik ut: Der Ap spelar på den avtroppande Høgre-regjeringas prioritering av skattelette og næringslivsstimulans og posisjonerer partiets eigen politikk som ein motsats til dette, er Frp-mottoet eit signal om ein ikkje-snobbete tilnærming til maktens tinder. At ingen av partia opererer med ein oppslutning som tilseier at dei er fyrstevalet til (vanlege) folk flest, er sjølvsagt ikkje poenget. Poenget er å kome seg så nære grasrota at det luktar mold.