Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Spreafico Eckly leikar seg med både språk og humor:

På tur med Dante

SKJÆRSELDEN: Dante (Matteo Fargion) tek oss med på ei innhaldsrik, underhaldande og humoristisk reise gjennom eitt av dødsrika. FOTO: ARNE HAUGE

Ein minimalistisk kammeropera som leikar seg med tekst, nyansar og humor.

Rosendal Teater

Av: Spreafico Eckly og Matteo Fargion.

Tekst og regi: Andrea Spreafico.

Musikk: Matteo Fargion.

Musikarar: Björn Guo, Stefan Penjin og Live Sunniva Smidt.

Med: Matteo Fargion, Robert M. Johanson, Francesca Fargion, og Martha MacBean.

For to år sia gjesta det bergensbaserte kunstnarparet Spreafico Eckly Trondheim med urpremiere på framsyninga «Footnote # 12». Der tok dei for seg eit essay om Wimbledon-finalen i 2006 mellom Roger Federer og Rafael Nadal og dissekerte denne teksten ned til fotnotenivå. Ei framsyning ein skulle tru ville bli berre for dei heilt spesielt interesserte, men som blei ei gåvepakke til alle som er glad i litteratur og rikdomen i språket.