Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Opphavsgarantiar: Grønvasking som skader industrien

Vi må få slutt på ordninga med opphavsgarantiar. Den kan føre til at norske selskap som vil satse grønt, misser eit viktig konkurransefortrinn. Dette var den klare meldinga vi fekk då vi nyleg besøkte ei bedrift som satsar på råmateriale til solcelleproduksjon.Opphavsgarantiar er ei ordning som fører til at norsk vasskraft på papiret blir rekna som fossil energi. Det skaper problem for norske bedrifter som leverer til marknader der det er viktig å dokumentere klimafotavtrykk.