Aller Media opplever kraftig vekst digitalt og tilset nærmare 80 nye årsverk. Aller Media eig blant anna Dagbladet, Se og Hør, KK (Kvinner & Klær), Sol og ei rekkje nisjeprodukt som Din Side og Elbil24. I ei pressemelding skriv Aller Media at oppbemanninga vil skje innanfor alle dei store merkevarene: «Aller Media har ein unik digital posisjon, og vi har hatt ein kraftig digital vekst over lengre tid. Vi har stor tru på merkevarene våre, og vil no satse ytterlegare på våre publisistiske produkt og posisjonar.» ©NPK
NOTERT