Bauta har røter langt, langt attende. No gjer bruken meg uglad. VG skreiv i august om ‘årsrekneskapen til Skavlan, den tidligere tv-bautaen’. Eit minneord omtalte ein person som ‘en bauta for Elkem’. Dagsavisen skildra eit jazz-orkester som ‘en bauta i over tjue år’. Alt vel meint. Men kva var ein bauta? På norrønt heitte det ‘bautaðarsteinn’, med tydinga ‘tilhoggen stein’. Verbet bauta var nemleg å hogga; slå. Me kjenner det i dag på engelsk som to beat. Så bauta og beat er det same …
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.