Desentralisering er tema i valkampen. Å skulle snu sentraliseringa krev sterk politisk vilje, ei tru på samfunnsstyring. Politikarane har med opne augo sagt frå seg makt, til marknaden og marknadsliknande organismar. Dette vart gjort klart alt ved Maktutredningen av 2003. Typisk er fristilling av offentlege institusjonar, omstilte til selskap med innsnevra mål om effektivisering og rasjonalisering. Slåande døme på dette er universitet, høgskolar og sjukehusa.
Senterpartiets sentralisering
DebattJordbruk