Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

Afghansk filmappell

Domenico Stinellis

Medan kvinner demonstrerte for borgarrettar i Kabul søndag, appellerte afghanske filmskaparar om «intellektuell støtte» på filmfestivalen i Venezia, melder Deadline.com. Sahra Karimi, den første presidenten i den afghanske filmforeininga, og dokumentaristen Sahra Mani («A Thousand Girls Like Me»), åtvara mot Talibans nye propagandastrategi og fortalde at alt filmarbeid stoppa 15. august. «Tenk deg eit land utan kunstnarar, utan filmskaparar. Korleis kan det forsvara sin identitet», spurte Mani. GK