Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa ventar med gjenopninga

TRINN 4: Regjeringa utset vidare gjenopning fram til delen fullvaksinerte er vesentleg høgare enn i dag. Då vil ein gå rett til normaltilstand. – Sjølv om vi no blir ståande på trinn 3, er vi på veg til ein normal kvardag med auka beredskap. Når vi kjem dit, og vi har fått betre kontroll over situasjonen i skulane, er vurderinga at vi kan gå rett dit. Omsett: det blir ikkje noko trinn 4, seier statsminister Erna Solberg (H). Helsedirektoratet skriv at den overordna målsetjinga no er å avgrense smittespreiinga og halde sjukdomsbyrda låg inntil 90 prosent av befolkninga som er 18 år og eldre, er vaksinert med to dosar.©NPK