Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit grønt eksempel

«ZINKEN» GJER EIT HOPP: Boliden Mineral AB viser veg i det grøne skiftet i Norge, skriv forfattarane. FOTO: ANNE KARI HINNA

Framtidas industri bygger vi på skuldrene til den gamle. Sjå berre på kva som rører seg i Odda, den gamle industrigiganten. Boliden Mineral AB, eit internasjonalt gruve- og smelteverkskonsern, investerer no sju milliardar kroner i utbygging og effektivisering av sinkverket. Dette er den største investeringa i elektrokjemisk industri i Norge på femti år, og det er ei av dei største investeringane på fastlandet sidan krigen. Denne storsatsinga sikrar ikkje berre arbeidsplassar og næringsutvikling. Kostnadseffektiv produksjon av rein metallisk sink av høg kvalitet har positive konsekvensar for miljø og klima. Ved å flytta meir av produksjonen til Odda, basert på rein vasskraft, kan konsernet redusera sitt samla CO2-utslepp.