I 2018 gjekk russekortet til Jonas Gahr Støre som ein farsott på sosiale media. Den 19 år gamle russeguten Støre hadde teksten «det er bedre å være rik og frisk, enn fattig og syk» på russekortet sitt den gongen i 1979. No vert det på nytt spreidd på Facebook. Støre har orsaka teksten, men om ein gjennomførte ein faktasjekk, ville resultatet vist at teksten er heilt rett. Det er faktisk betre å vera rik og frisk, enn å vera fattig og sjuk. Dei siste åtte åra er dette ei sanning som har vorte ytterlegare forsterka.
Russekortet
DebattValg