Regningen for rehabiliteringen av Nationaltheatret kan bli mye høyere enn to milliarder kroner. Prosjektet er allerede kraftig forsinket.
Ou«Have we come to the point of no turning back / or is it still time to get into / the swing of things»
Prisen på popen
(Noreg, 2021)
Regi: Thomas Robsahm, Aslaug Holm.
Med: Morten Harket, Magne Furuholmen,
Paul Waaktaar-Savoy.
Lengde: 1 t. 39 min.
Vist på: Kino frå 3. september.
Å spela i band erkrevjande. Å vera popstjerner med høve til å booka Abbey Road Studios i månadsvis, endrar ikkje det. Ved ettertanke veit alle som har gjennomført eit prosjektarbeid på jobben/skolen, at det kan røyna på å einast om eitt, felles produkt. Og det handlar ikkje naudsynt om primadonnanykker. «a-ha The Movie» fortel ein heil del om arbeidskvardag, om banddynamikk, skapartrong og ambisjonar, som har allmenn verdi. Vi snakkar om nordmenn som har toppa Billboard, samla 200.000 på konsert og laga musikk til James Bond. Filmen om dei har vorte oppsiktsvekkjande nedpå og lite mytologiserande, utan at den nøkterne tilnærminga legg ein dempar på forteljinga om suksessen, eller på gleda over å høyra musikken på eit godt kinoanlegg. Det er nokre av styrkane til «a-ha The Movie».