Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Unge utanfor arbeid og utdanning

AUKE: 11,2 prosent av unge under 30 år var utanfor arbeid, utdanning og arbeidsretta tiltak i fjor, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Etter ein årleg nedgang i delen unge utanfor sidan 2015 er trenden no broten. Auken kjem mellom anna av ein nedgang i sysselsetjingsdelen på 1,5 prosentpoeng og ein auke i registrerte arbeidsledige på 0,9 prosentpoeng. – Denne utviklinga på arbeidsmarknaden kan sjåast i samanheng med koronapandemien og har vore sterkare for dei unge enn for resten av befolkninga, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB. Unge med grunnskule som høgaste fullførte utdanningsnivå har generelt den største delen utanfor. ©NPK