Eg er ikkje nokon stor tilhengjar av eigedomsmeklarar. Det kunne eg aldri jobba som. Dei driv i ein ganske skiten bransje, dei flyttar papir for å auke teoretiske verdiar. Det er rein spekulasjon. Går rundt i dress og smiler. Herregud, det er ikkje noko for meg. Så gjer noko nytte for seg, dei gjer ein praktisk arbeid som er nyttig, men det er så utruleg keisamt at eg kunne aldri vore eigedomsmeklar. Men forbrukarøkonomar. Bergens Tidende har intervjua to Instagram-venlege damer som kjem med råd til studentar. Dei bør ta seg jobb ved sidan av studia, kjøpe bøker brukt og selje dei bøkene ein ikkje treng og så bør dei bu billegare. Det viser seg altså at i den kapitalistiske økonomien, så kan ein få pengar ved å selje arbeidet sitt. Kven skulle tru det? Han skalla og ho andre som er på fjernsynet som kjem med tips om å ikkje bruke tre og tjue tusen på mat i månaden. Ånei, er ikkje det lurt? Er fem og nitti tusen i året på pølser, bagettar og farris ei dårleg økonomidisponering?
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Ein ny flugevenn
I dagOle Bjerke, Lillehammer
For to–tre år sidan skreiv eg om ei husfluge som eg til slutt greidde å røre ved utan at ho flaug sin veg. Nå i august da eg var undervegs på toget frå Lillehammer til Bodø på eit Hamsun-seminar, møtte eg ei anna fascinerande fluge. Det var på Dovrefjell at ho fann fram til sitjeplassane mine. På grunn av koronaen hadde eg fått både sete nr. 145 og 146. Det var viktig å halde seg unna folk. Mot ei fluge var det derimot ingen restriksjonar. Det skjønte både eg og fluga med det same.