Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oljefondet må krevje nullutslepp

KLIMA: Oljefondet må innføre krav om nullutslepp frå selskapa det investerer i for å redusere faren for store klimarelaterte tap, meiner ekspertutval. – Klimarisiko er ein vesentleg risiko for fondet, og dette bør speglast i Noregs Banks forvaltning, sa Martin Skancke då han gjorde greie for tilrådingane i sluttrapporten frå ekspertutvalet han har leidd. Rapporten vart overlevert finansminister Jan Tore Sanner (H) fredag formiddag. Hovudbodskapen frå utvalet er at målretta og aktivt «eierskapsarbeid for å dekarbonisere selskapene» må inn i mandatet for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, best kjent som oljefondet. ©NPK